Mann med halvlangt mørkt hår

Dei moderate folkepartias fall i Europa. Digitalt foredrag med Tarjei Skirbekk

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Kva skjer når dei moderate stemmene forsvinn? I dette foredraget utforskar Skirbekk det politiske oppbrotet som pregar Europa i dag. Han ser på kvifor dei tradisjonelle folkepartia, både på venstre og høgresida, har mista grepet om makta, og kva politiske krefter som veks i deira stad. Kva betyr dette for Europa si framtid, og korleis påverkar det den politiske stabiliteten på kontinentet?

Føredragshaldar: Tarjei Skirbekk er idéhistorikar med brei erfaring frå norsk og europeisk politikk. Han har blant anna vore politisk rådgjevar for Jonas Gahr Støre og strategisk rådgjevar for Arbeidarpartiet si leiing. Skirbekk var med på å etablere tankesmien Agenda og har gjeve råd til både det svenske sosialdemoktatiske partiet og leiinga i Equinor

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving.