Mann med krølla lyst hår

Den naturnære hagen – digitalt foredrag med prof. Dag Jørund Lønning

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!

Korleis kan du gjere hagen din til ein levande samarbeidspartnar? I dette inspirerande foredraget får du svar på spørsmål som kvifor «ugras» og «skadegjerarar» dukker opp, og korleis du kan jobb med naturen for å unngå dei. Lær korleis du kan fange karbon, auke naturmangfaldet og skape ein sunn og berekraftig hage.

Foredragshaldar prof. Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for grøn utvikling, er ein av Noreg sine fremste ekspertar på forholdet mellom menneske og natur. Han har skrive ei rekke med bestseljande bøker og artiklar om grøn utvikling, og engasjementet og kunnskapen hans gjer dette foredraget til ei inspirasjonskjelde for alle hageentusiastar.