Diagnose kvinne: kvifor kvinnehelse framleis blir oversett i medisinen – digitalt foredrag med Liv Bjørnhaug Johansen

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!

Kvinner og menn blir sjuke på ulike måtar, men til trass for dette har helsetenesta i stor grad basert seg på forsking gjort på menn. Kva betyr det for kvinner si liv og helse, både på kort og lang sikt? Dette foredraget gjev eit skarpt og innsiktsfullt blikk på korleis medisinsk forsking og praksis systematisk har oversett kvinner sin fysiologi og helsebehov. Kva skal til for å sikre kvinner likeverdige helsetenester i framtida?

Foredragshaldar Liv Bjørnhaug Johansen, sjukepleiar, kulturhistorikar og seniorrådgjevar på kvinnehelse hos Sanitetskvinnene, har dukka djupt i denne problematikken. Med boka Diagnose: kvinne, frå 2023, der ho kombinerer kvinner si historie med forsking, kastar ho lys over kjønnsskilnadar i helsevesenet og utfordrar oss til å krevje systematiske endringar for framtidas helse.

Framside bok: Diagnose kvinne. Kvinne som står avkledd bak tekstplakat