Portrett av kvinne med lyst hår mot mørk bakgrunn

Digitalt arrangement: Frå sild til sushi med Annechen Bahr Bugge

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Frå sild og poteter til sushi og street food

Korleis gjekk vi frå søndagsmiddag med sild og poteter til sushi og street food på ein heilt vanleg kvardag?

I dette føredraget tek professor Annechen Bahr Bugge oss med på ei reise gjennom historia til det norske kosthaldet, og viser korleis matvanane våre har endra seg gjennom generasjonar. Kva fortel desse endringane om samfunnet vi lever i, om kvardagen vår og om kven vi er?

Dette er eit engasjerande føredrag om mat, identitet og norsk historie – ei historie du nesten kan smake på.

Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks