Mann med mikrofon som det står NRK på

Digitalt foredrag med Arnt Stefansen: Cæsar fann opp germanarane

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Korleis propaganda og mytar blei brukte i antikkens Roma.

Korleis skaper ein ein fiende – og kvifor? I dette foredraget blir det avdekt korleis Julius Cæsar nytta mytar og propaganda til å forme biletet av «germanarane» i Romarriket. Ei historie om eit politisk maktspel som har sett spor heilt fram til i dag.

Arnt Stefansen er journalist og mangeårig utanrikskorrespondent for NRK. Han har mellom anna vore stasjonert i Berlin og har følgt europeisk politikk og kultur tett gjennom fleire tiår. I dag bur han i Roma, der han held fram med å formidle innsikt om Europa til eit norsk publikum.

Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks