Mann med Luther og tesene i bakgrunnen

Digitalt foredrag med Arnt Stefansen: Luthers revolusjon

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Korleis éin mann sette Europa i brann – og skapte ein ny tidsalder.
For over 500 år sidan utfordra Martin Luther den mektige kyrkja – og sette Europa i brann. I dette foredraget får du historia om korleis opprøret til éin mann endra tru, politikk og samfunn, og la grunnlaget for ei ny tid.

Arnt Stefansen er journalist og mangeårig utanrikskorrespondent for NRK. Han har mellom anna vore stasjonert i Berlin og har følgt europeisk politikk og kultur tett gjennom fleire tiår. I dag bur han i Roma, der han framleis formidlar innsikt om Europa til eit norsk publikum.

Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks