Mann med det israelske og iranske flagget i bakgrunnen

Digitalt foredrag med Eirik Kvindesland: Iran og Israel – historie og konflikt

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

EKSTRA FOREDRAG PGA AKTUALITET.

Eit historisk bakteppe for å forstå dagens spenningar i Midtausten, og korleis gamle vener vart til nye fiendar.

Iran og Israel står i dag på kvar si side av ein eksplosiv konflikt. I dette foredraget tek Kvindesland oss med bak overskriftene og inn i historia om to land som ein gong var allierte, men som no kjempar om makta i Midtausten. Gjennom unike persiske og hebraiske kjelder blir nye sider av konflikten avdekte — og ei felles historie som få kjenner til.

Eirik Kvindesland har doktorgrad i historie frå University of Oxford og er spesialist på Iran og Midtausten. Han har skrive ei rekke fagartiklar, opptrer jamleg som kommentator i norske og internasjonale medium og har vore sjefredaktør for Oxford Middle East Review.

Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks