Kvinne med lyst, kort hår.

Digitalt foredrag med Gry Bang-Andersen: Stille farvatn – om homoseksualitet til sjøs 1950-1980

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Stille farvatn – skeiv kjærleik og maskuline idealar til sjøs.

Korleis var det å vere skeiv om bord på norske skip i etterkrigstida? I dette foredraget dykkar vi ned i ein lite belyst del av norsk sjøfartshistorie. Var det rom for homoseksualitet i det hardt maskuline koda miljøet til sjøs, eller herska det tausheit også her? Gry Bang-Andersen gjev oss eit unikt innblikk i erfaringane til sjøfolk som utfordra normane for kjønn og seksualitet mellom 1950 og 1980 – og viser korleis liva deira både blei forma av, og sette spor i, kulturen om bord.

Foredragshaldar Gry Bang-Andersen er konservator ved Bergens sjøfartsmuseum og PhD-stipendiat i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho forskar på maskulinitet, kjensler og kulturelle forståingar av homoseksualitet i den norske handelsflåten i etterkrigsåra.

Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks.