Digitalt foredrag med Guro Kulset Merakerås: Guten på stranda – ti år etter biletet som rysta Europa
I 2015 blei verda vitne til eit bilete som endra Europa sitt syn på flyktningkrisa: ein liten gut, Alan Kurdi, blei funnen livlaus på ei strand i Tyrkia. Kva skjedde etterpå? Kvifor blei akkurat dette biletet så sterkt – og kva hugsar vi i dag?
Hausten 2015 fekk flyktningkrisa i Middelhavet eit menneskeleg ansikt då bileta av vesle Alan Kurdi gjekk verda over. Med utgangspunkt i ein bildeserie som ingen kan gløyme, tek Merakerås oss med til den greske øya Lesvos, der ei pågåande menneskerettskrise ser ut til å vere nettopp – gløymd. Merakerås delar eigne dramatiske erfaringar frå arbeidet med den prisbelønte boka «Moria. På innsiden av Europas største flyktningleir» og avslører kva som skremte ho mest, som journalist og menneske.
Guro Kulset Merakerås (f. 1976) er ein kritikerrost forfatter og journalist fra Trondheim. Ho er språk- og litteraturutdanna frå NTNU.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks.
