Dame med mørkt langt krølla hår

Digitalt foredrag med Hanne Grasmo: Leik etter seksti

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Korleis kan leik gjere livet rikare – også etter fylte 60?

I dette foredraget får du eit ærleg, morosamt og inspirerande møte med laiv (levande rollespel), både som sosial aktivitet og som kjelde til nye formar for glede – også på soverommet. Du får innsikt i kvifor rollespel kan vere ein kraftfull metode for å utforske identitet, relasjonar og lyst – uansett alder. Og du lærer korleis lyst og seksualitet kan få nye uttrykk langt opp i åra. Her handlar det om å våge å vere nysgjerrig, prøve noko nytt – og kanskje leike seg litt friare med livet.

Foredragshaldar Hanne Grasmo er sosiolog, pedagog og doktorgradsstipendiat med spesialisering i rollespel. Ho har skrive bøker, utvikla laivar, leia LHBT-senteret i Bufdir og vore sjefsredaktør i Cupido. I dag leiar ho det pedagogiske utvalet i Norsk forening for klinisk sexologi og er medskapar av podcasten PedSexPol.

Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks.