Digitalt foredrag med Hans Olav Thyvold: USA i endring. Kva skjedde med den amerikanske draumen?
USA gjennom fem tiår – samfunn i oppløysing? Korleis hamna USA der det er i dag? – politisk splitta, sosialt uroleg og kulturelt fragmentert? I dette foredraget spør Hans Olav Thyvold om det vi no ser, faktisk er resultatet av ei kulturell utvikling som har vore i forfall sidan nasjonens 200-årsjubileum i 1976. Gjennom amerikanske uttrykk innan film, litteratur, musikk, kunst og til og med teikneseriar – frå dei siste 50 åra – teiknar han eit tankevekkande bilde av eit samfunn i langsam endring. Er det verkeleg ei djup kulturell råte, eller berre ein ny fase i USAs historie?
Foredragshaldar Hans Olav Thyvold gjekk inn i pressa som 15-åring i 1974 og har sidan vore ei markant stemme i norsk kulturliv. Han er journalist, forfattar og oversetjar, og kjent for romanen Snille hunder kommer ikke til Sydpolen, som er omsett til sju språk og gjeve ut i meir enn 30 land.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks.
