Digitalt foredrag med Siri Dalsmo Berge: Sex, samliv og helse for seniorar
Kva skjer med kjærleiken når kroppen endrar seg? I dette foredraget lærer du korleis helse og parforhold påverkar kvarandre – og korleis sjukdom, aldring og livskriser kan utfordre både nærleik og kommunikasjon. Siri Dalsmo Berge gjev deg praktiske råd og innsikt i korleis du kan bevare eit sunt og trygt samliv, også i seniortida – emosjonelt, seksuelt og intellektuelt.
Foredragshaldar Siri Dalsmo Berge er fastlege, forskar og parterapeut. Ho har doktorgrad på samliv i helsetenesta og har skrive to bestselgjande bøker om parforhold og sex.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks.
