
Dobbellansering “Årbok 2023” og boka “Tankar over tid”
Torsdag 23. november blir det lansering av to bøker på Stryn bibliotek.
Stryn historielag skal lansere årboka si for 2023. Det vil bli presentert smakebiter frå innhaldet i boka av redaktør Jarle Hessevik, og eventuelt andre som har bidratt.
I tillegg får vi ei spennande boklansering av boka “Tankar over tid”. Boka er skrive av tre av fire brør Greidung; Lars, (f. 1929), Bjarne (f. 1935) og Erling (f. 1940). Dei har sysla med diktarpennen over fleire tiår. Her er dikta samla av alle tre. Utsiktspunktet var det same for alle. Mykje er frå heim og heimbygd, men i tanken “såg” dei ting langt borte. Bjarne Greidung vil vere tilstades for å presentere boka.
Det blir mogeleg å kjøpe bøkene etter arrangementet.