Fire bilete i julemotiv. Litt tekst der det står om framsyninga

Eit hjarte til jul – ei musikalsk juleforteljing for heile familien

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige. Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!

Line Dybedal fortel, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander som rammar inn forteljinga med magiske og musikalske stemningsbiletete. Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad.

Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien. Til denne forestillinga har Dybedal skrive fem nye låtar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia.

Den musikalske juleforteljinga er utvikla på initiativ frå Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland og med støtte frå Norsk kulturråd. Regien er ved Idun Losnegård og lysdesign er ved Krystian Myskja.