Mann med mørkeblå dressjakke

Europa: Krigens kontinent. Digitalt foredrag av Sylo Taraku

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

SeniorUni beklagar at det planlagte foredraget «Krig er forakt for liv» dessverre utgår. For å sikre at vi framleis kan tilby eit spennande foredrag, erstattar vi det med foredraget «Europa: Krigens kontinent» av Sylo Taraku.

Foredraget tek føre seg Europas krigshistorie og korleis kontinentet si konfliktfylte fortid framleis pregar dagens situasjon. Taraku gjev ein innsiktsfull og engasjerande gjennomgang av dei lange linjene i europeisk historie, med relevans for både fortid og notid. Foredraget blir ikkje sendt direkte, men er eit tidlegare opptak.

Sylo Taraku er ein norsk forfattar og til dagleg rådgjevar i tankesmien Agenda. Han er ein mykje brukt kommentator og foredragshaldar om innvandring, populisme og nasjonalisme. Foredraget er basert på boka hans Krigens kontinent – Europa etter den kalde krigen.