Familielaurdag: Kreativ verkstad og filmvising
Velkomen til ein ny og triveleg familielaurdag på biblioteket! Denne gongen inviterer vi store og små til ein kreativ formingsverkstad der hovudtema blir Valentine og Morsdag. Her kan barna lage gåver, kort og små kunstverk dei kan ta med heim og glede nokon dei er glad i.
Vi legg fram fleire ulike aktivitetar som passar for både yngre og eldre barn, og verkstaden vil vere open heile arrangementet slik at du kan kome og gå som det passar. I tillegg viser vi kl. 12.30 barnefilmen “Lundefjell – egget som forsvann”, ei sjarmerande og spennande forteljing som passar godt for dei minste. Filmen varer i 1 t og 20 min.
Ta med deg heile familien og bli med på ein hyggeleg og kreativ dag på biblioteket!
