Teikning av ein typisk familielaurdag med mange barn og vaksne som kosar seg saman med teikning, spel, bøker og leik.

Familielaurdag

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

På Familielaurdagen i august er vi så heldige at vi får besøk av Margaret Heldor som har eit heilt program som ho vil ta oss med på, med sang og yoga og kunstneriske aktivitetar.

Frå kl. 12 inviterer Grandtante Grønn til felles sang og strekkstund om klima og natur. Vi får då lære sangar som “For og Hønseræpp”, “Frukt og grønt samba”, “Jeg vil finne opp et lite battri” og “Ja vi vil”. Undervegs får vi lære eit lite yogaprogram.

Etter dette blir det fargeleggingsaktivitetar der vi bl.a skal fargelegge høner, lage eit fruktfat og meir.

Kl. 13.30 er det mogeleg å repetere nokon av sangane frå 1. økt og kanskje få vere med på yogaeventyret “Å fly til Kattanakken”

Margaret Heldor er yogalærar, pensjonert lærar, driv firmaet Syng og strekk, og er medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon.