Familielaurdag med påskeverkstad og filmvising
Velkomen til ein ny og triveleg familielaurdag på biblioteket! Denne gongen inviterer vi store og små til påskeverkstad og minikino. Her kan barna lage gåver, kort og små kunstverk dei kan ta med heim og glede nokon dei er glad i.
Vi legg fram fleire ulike aktivitetar som passar for både yngre og eldre barn, og påskeverkstaden vil vere open heile arrangementet slik at du kan kome og gå som det passar. I tillegg viser vi kl. 12.30 barnefilmen “Detektiv Edderkopp. Et spinnvilt mysterium». Inspektør Sun set seg på eit tilsynelatende normalt fly for å ta ein sårt tiltrengt ferie, men då ein gåtefull millionær blir trua på livet, er Sun på saka. Fanga i eit nett av løgner må Sun finne den skyldige før det er for seint. Filmen varer i 1 t og 28 min.
Ta med deg heile familien og bli med på ein hyggeleg og kreativ dag på biblioteket!
