Fest, tru og kultur gjennom tidene – digitalt foredrag med Evy Johanne Håland
Om lag annankvar måndag kl. 11-12 kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
Korleis knytte dagens religiøse feiringar til antikken sine ritual? På den greske øya Tinos samlast pilegrimar frå heile Hellas og den ortodokse verda kvar 15. august for å feire jomfru Marias Innsovning – ei religiøs og nasjonalistisk markering som også er kjend som ei helbredelsesfeiring. Men denne festen har djupe røter i fortida, med parallellar til Panathenaia-festen i antikkens Athen, via gudinna Athene og bystaten sin fødsel.
Bli med på ei spennande forelesning som tek deg gjennom over to tusen år med historie, illustrert med unike bilete frå feltarbeid på Tinos (1990-2019) og antikke vasar og relieff. Foredragshaldar Evy Johanne Håland, forskar, Dr.art. i historie og statsstipendiat, har forelese ved fleire europeiske universitet sidan 2009 og er ein leiande ekspert på gresk kultur og tradisjon.