Filmplakat med to barn

Film for barn: Todd og Super-Stella

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Stella er lei av å vere minst, og mislikar alt ho ikkje kan. Og ho likar ikkje ting som gjer vondt. I tillegg har Stella ein livleg fantasi, som kvernar ut fæle bilete av det ho gruar seg til. Det er irriterande at storebror Todd klarer alt Stella ikkje kan, og alltid vil konkurrere. Men, det er ikkje lett å vere størst og eldst, heller. Todd tør ikkje stupe, og spring seinast av alle i klassen. Derfor elskar han å vinne over Stella. Men, gleda er kortvarig, for dei byrjar alltid å krangle. Og Todd får skulda. Nokon gongar skulle han ønske dei kunne selgje Stella.

Varigheit: 1 t 24 min

År: 2024

Aldersgrense: Tillatt for alle

Sjå trailer