Grå bakgrunn. Bilde av eldre dame. Tekst: Folk før IV

Foredrag og boksal: Kjell Askeland – Folk før

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Folk før IV – 29 historier frå Nordfjord

Folk før IV er den fjerde boka i serien der Kjell Askeland let eldre folk i Nordfjord fortelje om liva sine. Liv fylt med kjensler, fantasi og draumar, og for den del, sløkte draumar. Liv fylt med både daglegdagse og dramatiske hendingar, liv frå ei tid som for lengst er omme. Askeland vil fortelje historier frå boka, lese kåseri og han tek også med trekkspelet.

“I Folk før IV møter vi blant andre barneheimsguten Odd som kom åleine til Nordfjord frå Oslo, han lever framleis, 103 år gamal. Vi møter søstrene Bjørg og Liv som måtte flykte frå Telavåg dagar før grenda vart brent av tyskarane. Krigsseglarane Johan og Magne fortel om fryktelege opplevingar under krigen. Etterpå vart dei svikta av den norske staten. Og vi treffer augevitne som opplevde Måløyraidet, og den dramatiske avsløringa av Radio Roska.

Folk før IV fortel òg om kor viktig havet er for nordfjordingane. I 1971 forsvann fiskebåten «Seilfjell». Heile mannskapet på ni kom vekk og etterlèt øysamfunnet Silda lamma av sorg. I den siste historia i boka får høyre om dei to unggutane, Stig og Kjell Magne Ervik, som pantsette bilane sine for å kjøpe ein gamal fiskebåt i 1987. Seinare vart dei gründerar av konsernet Ervik Havfiske, det største linebåtreiarlaget i landet. Ti båtar har hatt namnet «Frøyanes», den nyaste vart døypt då denne boka kom ut.” (Omtale frå forlaget)

Norli vil selje bøker etter foredraget.