Dame med briller framføre ei stor bygning

Foredrag om Harastølen med Oddrun Midtbø

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Frilansjournalist og forfattar Oddrun Midtbø vitjar Stryn bibliotek for å snakke om si nye bok Harastølen- heimen for dei utstøytte.

“Kvifor vart eit enormt sjukehus bygd på ei fjellhylle lengst inne i Sognefjorden? Kven var det som kjempa for å komme hit, og kven vart sende hit utan å bli spurd? Tuberkuløse. Galningar. Flyktningar frå Bosnia-Hercegovina. Huset er spekka med lagnader, dramatikk, død og kjærleik. Historier som er i ferd med å bli gløymde. Denne boka har fanga nokre av dei. Etter mange tiår med forfall er det håp om at folk på nytt kan sjekka inn. På Harastølen Hotell”

Oddrun Midtbø har arbeidd som journalist i over 40 år. Ho er frå Luster og har vakse opp med Harastølen. I august 2023 vart boka lansert.

Boka har fått veldig god omtale både av kritikarar og lesarar, og har komme i fleire opplag.

“Oddrun Midtbøs bok om Harastølen oser av litterær kvalitet og grundighet”. “Materialet er unikt og av uvurderlig verdi” – Litteraturkritikar Espen Stueland, Klassekampen.