Forfattarbesøk Simon Stranger
Far min, den framande
I ei elv på Vestlandet leitar to vaksne gutar og ei aldrande mor etter ein stein til ei grav. Ein stein til ein kjær, men frykta far som dei endeleg kan frigjere seg i frå.
-Jeg har arvet hendene dine, skriv Simon Stranger ein stad i romanen med same namn; Stranger. Mest av alt fryktar forfattaren å bli som far sin. Romanen handlar om å vekse opp i skuggen av psykisk sjukdom.
Korleis kan ein komme vidare når ein er bundne til dei ein elskar, men samtidig treng å ta avstand for å berge seg sjølv?
Simon Stranger har sidan debuten i 2003 gjeve ut ei rekkjer bøker for barn, ungdom og vaksne. Mest kjend er han kanskje for romanen «Leksikon om lys og mørke» som er omsett til over 20 språk.
Leit i ruinane dine, er eit velkjent skriveråd. Men mellom knuste barndomsminne har Simon Stranger unngått å leite og heller ikkje fortalt, ikkje til nokon. Kan vi stole på barndomsminna, slik vi hugsar dei, når vi teier?
Velkomne til eit nært og personleg møte med Simon Stranger om forteljingane si frigjerande kraft og om nyansane som kjem fram når lyset slepp inn, som i eit prisme i ein vassdråpe på ein stein i ei elv.
