Ivar Andenæs – Heilt sant – og vel så det
Torsdag 11. april kl. 18.00 vitjar Ivar Andenæs biblioteket med den nye boka si: Heilt sant – og vel så det. I boka har Ivar Andenæs samla fleire hundre gode historier frå Nordfjord. På biblioteket vil han lese og fortelje frå boka.
I boka finn du “historier som gjev opphav til både humring og den store skratten. Historiene omfattar dei fleste emne i menneskelivet, og er samla etter tema i ni kapittel. Boka er rikt illustrert med over 100 fotografi.” (Frå omtalen av boka)
Då den første boka med Nordfjordhistorier, Feil mangler vi alle, kom ut i 2021, gjekk ho til topps på mange salslister i Sogn og Fjordane. Det er nok stort sannsyn for at denne boka vil få godt sal også, og på arrangementet vil Stryn bokhandel vere tilstades og selje boka. Det vil vere mogeleg å få den signert av forfattaren sjølv.
Ivar Andenæs (f. 1947) er journalist og statsvitar og har arbeidd i Fjordenes Tidende, NRK Dagsnytt og Aftenposten. Han har også arbeidd i Kulturdepartementet, Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, vore leiar i Statens medieforvaltning (i dag Medietilsynet) og medieforskar ved Institutt for Journalistikk. Andenæs vaks opp i Stryn og kom i 2015 med boka “Godtfolk: rapport frå barndomens Fagre Stryn”.
Arrangementet er i samarbeid med Stryn bokhandel – Ringo Stryn og Selja forlag.
Det vil bli servering av kringle og kaffe. Arrangementet er gratis.