
Konsert med Marius Arntsen
Marius Arntsen, som i år er tildelt Drømmestipendet, inviterer til ein spesiell konsert i samband med stipendoverrekkinga. Konserten markerer ikkje berre ei feiring av Arntsens musikalske prestasjonar, men også ein hyllest til kvensk musikk, som står sentralt i hans pågåande masterprosjekt ved Universitetet i Agder.
Gjennom sitt masterprosjekt utforskar han kvensk musikktradisjon og set det inn i ein moderne stil. Publikum kan vente seg ein konsert som bind saman fortid og notid, med røter i kvensk kultur og ei moderne tolking gjennom saksofonen. På konserten er Jon Are Steen med på gitar.