Portrettbilde av kvinne med lyst hår, Linn Stalsberg og tekst

Krig er forakt for liv – digitalt foredrag med Linn Stalsberg

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!

Krig er forakt for liv. Den etterlet seg øydelagde samfunn, knuste heimar og djupe sår i menneskeheita. Skal vi få ein slutt på krig må vi tørre å møte realitetane av dei, og lære av dei som har kjempa for fred. I dag, i ei verd prega av militarisering og ei pågåande klima- og naturkrise, er det avgjerande at fredsrørsla og miljørørsla blir foreina i kampen for å beskytte alt som er levande. Pasifisme, ikkjevald og militærnekt er blant verktøya som kan vise veg mot ei berekraftig og fredeleg samtid.

Foredragshaldar Linn Stalsberg, sosiolog, journalist, forfattar og samfunnsdebattant, har lenge vore ei tydeleg stemme i den norske offentlegheita. Med erfaring som kommentator i Dagbladet og eit sterkt engasjement for tema som feminisme, likestilling og sosial rettferd, utfordrar ho oss til å tenke nytt om fred i ei verd i krise.