
Krig og kvardag – jødebarna Vera og Tibor og deira lagnad
Onsdag 14. mai kjem Sverre Kragset til biblioteket for å halde foredrag basert på boka «Krig og hverdag». Boka gjev ei tidsskildring frå krigstid og fortel samtidig om to jødiske barn, Tibor og Vera, som foreldra sendte som flyktningar frå Bratislava til Noreg i 1939, då dei var knapt sju og ti år gamle. Dei blei godt integrert i Noreg. Då arrestasjonen av jødar i Noreg starta, hausten 1942, blei det planlagt å hjelpe barna med flukt til Sverige. Det gjekk gale. Ein norsk nazist angav dei og fleire andre jødar. Dei blei fengsla og sendt til Auschwitz og drepne natta til 3. mars 1943. Då var dei 10 og 13 år gamle. Foredraget vil gje ansikt til det industrielle folkemordet av jødane under krigen.
Sverre Kragset er yngste sønn i prestefamilien der dei tsjekkiske jødebarna Tibor og Vera budde under krigen, før dei ble tatt under ei flukt til Sverige. Kragset er frå Romsdal og har bl.a jobba i KFUK/KFUM i ca. 30 år.