
Kva er typisk italiensk? – Digitalt foredrag med Arnt Stefansen
Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
Kva er det som gjer Italia så unikt og inspirerande? Frå romerske ruinar til renessansen sine meisterverk, frå verdsberømt kunst til ikoniske rettar som pasta og pizza, har Italia sett preg på verda. Påverknaden frå landet strekk seg langt utover kunst og arkitektur – det handlar også om mote, gastronomi og ein lidenskapeleg kultur som har fasinert menneske i århundre. Dette foredraget tek deg med på ei oppdagingsreise gjennom det som gjer Italia typisk italiensk – og umogeleg å gløyme.
Føredragshaldar Arnt Stefansen, tidlegare NRK-korrespondent og forfattar av ei rekkje med bøker om samfunn og politikk, deler sine unike perspektiv og djupe kunnskap om Italia, landet som aldri sluttar å inspirere.