
Kyrkja og pavas makt – ein nøkkel til Italia si historie. Digitalt foredrag med Arnt Stefansen
Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
Korleis har den katolske kyrkja og pavemakta forma Italia gjennom tidene? Frå middelalderen sine maktkampar til dagens Vatikanstat har kyrkja vore ein av dei mest innflytelsesrike kreftene i italiensk historie. Som både åndeleg leiar og politisk aktør har paven og kyrkja sett sitt preg på landet sin kultur, samfunn og politikk, og Vatikanet står framleis som eit kraftfullt symbol på Italia si religiøse og historiske arv.
Arnt Stefansen, tidlegare NRK-korrespondent og forfattar av ei rekkje bøker om samfunn og politikk, tek deg med på ei fasinerande reise gjennom kyrkja si rolle i Italias historie. Med sin djupe kunnskap og erfaring som utanriksreportar gjev Stefansen eit engasjerande innblikk i ein av verdas mest betydningsfulle institusjonar.