Logo landslovjubileet. Beige bakgrunn på sirkel med svart tekst

Landslova 750 år – og kva så?

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

I 2024 feirar me at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?!

I foredraget skal vi sjå nærare på kva Landslova eigentleg er (og litt om kva ho ikkje er), kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng, samt noko om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen, Magnus VI Håkonsson (r.1263-1280), betre kjent som Magnus Lagabøte.

Pål Berg Svenungsen er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Det er spesielt middelalderen som han forskar på, og han er veldig glad i å formidle både eiga forsking og andre si forsking om dette ut til folket. Han er også blitt kjend som “legohistorikaren”, etter at han er byrja å bruke lego-figurar som illustrasjon når han formidlar historie på sosiale medier. Han legg ut motiva sine på @the_lego_medievalist på instagram saman med utfyllande tekst om hendingane.

Vi ser veldig fram til å få besøk av Pål Berg Svenungsen for å lære meir om Landslova. Han har fått mykje skryt for måten han formidlar historie på, så dette trur vi blir både lærerikt og spennande å høyre på.

“Jeg elsker middelalderen – det viktigste tusenåret i menneskets historie!” – Pål Berg Svenungsen

Mann med briller framføre ei bokhylle