Torsdagskringla: Lars Sølvberg – arkitekten som meir enn nokon annan sette preg på Nordfjordbygdene
På Torsdagskringla 7. november får vi besøk av adjunkt og lokalhistorikar Edvard Faleide. Han vil halde eit foredrag om arkitekt Lars Nilsson Sølvberg (1861-1910) som virka som byggmeister og arkitekt i Nordfjord. Sølvberg bygde mange ulike type bygningar og er kjend for bruken av sveitserstilen.
I tillegg til presentasjon av personen vil Edvard Faleide også vise fram eit utval av byggverka hans, som spenner over eit vidt spekter i perioden mellom 1886 og 1910: hotell, forretningsbygg, kyrkjer, villaer og våningshus.
Edvard Faleide er oppvaksen på Bergsida og Faleide. Han overtok i 1988 den kulturhistorisk verdifulle garden Utigard Faleide. Han arbeidar som adjukt ved Stryn vidaregåande skule med faga norsk, historie og tysk. Har arbeidd spesielt med bygnings-og stilhistorie, m.a. i antikvarisk utval i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane.