Teikna bilde av fjell og ein konge med krone som lyser

Litteraturbåten Epos kjem til Olden

Dato

Tid

Stad

Onsdag 16. oktober kjem Litteraturbåten Epos til Olden kai. Den vil legge seg til ved flytebrygga der det blir open og gratis familieframsyning kl. 18.00.

“Det er ikkje lov å bite! Det kan jo dei fleste vere einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan? «Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna eller heile familien, der me utfordrar barnas sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd. Du møtar hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte. Gjer deg klar til å bli forundra, underhaldt, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert på Litteraturbåten Epos. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi.

Bøker, bygder og båt! Litteraturbåten Epos er Vestlandet sitt flytande litteraturhus. Båten har vore bokbåt i 60 år, no har innhaldet ny form som eit heilt unikt kulturtilbod – bygd på lange og gode tradisjonar. Dette er første gong at Litteraturbåten Epos besøker Stryn kommune i si noverande form. Den har tidlegare besøkt kommunen som bibliotekbåten Epos. Tidlegare på dagen vil den ha to framsyningar for barn i 3-7 trinn frå Loen, Olden og Vikane skule. Tusen takk til Nordfjord havn for at båten kan legge til vederlagsfritt.