To menn på trapp med mange blomar rundt

Livsnyterhagen med Anders Røyneberg @arcticgardener

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Hage- og planteprofil Anders Røyneberg, også kjend som @arcticgardener på instagram, er ute med ei ny bok om hage og uterom.

I den nye boka Livsnyterhagen  – som dette hageshowet baserar seg på – blir vi med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige, unike og vakre hage på Hadeland. Foredraget er fylt med bilder, film og gode idear som er enkle å gjennomføre uansett om du har ein liten balkong eller stor hage. Alle kan lykkast med å grønne opp uterommet sitt, er Anders si enkle tilnærming i sine foredrag.

Gjennom foredraget får du:

  • Gode balkong- og hagetips
  • Inspirerande idear til krukker og bed
  • Praktiske råd til å lykkast med uterommet
  • Tips til gøye hageprosjekt alle kan få til
  • Trekning av grøn premie
  • Mogelegheit til å stille Anders og Erik spørsmål og få konkrete råd

Kom og få inspirasjon til uterom som ikkje krev all verda av innsats, kor du verkeleg kan senke skuldrane og nyte livet. Det blir også mogeleg å kjøpe bok og få den signert.

Velkomen til hageshow!

Om foredragshaldarane:

Anders Røyneberg aka @arcticgardener er født på Jæren, oppvaksen på bondalandet i Østfold og no busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og foredragshaldar.

Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og jobbar som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei skrive Plantelykke og Plantebonanza, som begge er bestseljarar i Noreg og omsett til ei rekkje språk. Våren 2023 kom deira første hagebok, Livsnyterhagen, som dette foredraget baserar seg på.

Arrangementet er i samarbeid med Stryn hagelag.