Lothepus. Mann med frakk og hatt foran ei tavle.

Lothepus til Stryn bibliotek

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Stryn bibliotek får storfint besøk torsdag 4. desember kl. 19, når Leif Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, kjem for å presentere si nye bok Lothepus-manualen, som blir gitt ut på Samlaget denne hausten.

I Lothepus-manualen deler han tankar om livet, arbeid, natur, og det å vere seg sjølv – med den velkjende blandinga av humor, alvor og vestlandsfilosofi.

Dette blir ei unik anledning til å møte ein av dei mest fargerike personlegdomane i landet, høyre han fortelje om boka og livet, og kanskje få signert eit eksemplar. Arrangementet er gratis og ope for alle – men ver tidleg ute, for her kan det bli fullt hus!

Leif Einar Lothe (fødd 1969, frå Rogdo i Sørfjorden), kjend som Lothepus, er ein norsk entreprenør, spelemann, campingsplass-konge og TV-personlegheit frå Ullensvang.

Arrangementet er i samarbeid med Stryn bokhandel. Dei vil vere tilstades for å selgje bøker og du kan få dei signert av Lothepus.