Lunsjprat om biblioteka sine digitale tilbod, med servering
Visste du at biblioteket kan gje deg gratis tilgang til over 7000 avis og blad?
Visste du at du kan søkje i lokale og nasjonale aviser heilt tilbake til 1700-talet på nett?
Visste du at du kan sjå gode spelefilmar og dokumentarar heilt gratis på nett?
Biblioteket har etterkvart fått veldig gode digitale tilbod, men det er mange som ikkje veit om desse tenestene. Endå færre er det som veit kor ein finn dei, og korleis ein best bruke dei. Biblioteket, ved biblioteksjef Kristin Hatledal, ønskjer å informere og hjelpe med dette. Vi inviterer til digital lunsjprat onsdag 1. november kl. 12.00 på biblioteket i BibliotekVEKA. Jon Myklebust på kantina på Stryn vidaregåande skule stiller med god påsmurd lunsj og vi spanderer kaffi.
Kva kan du forvente?
- Informasjon om dei digitale tilboda til biblioteket som alle kan bruke.
- Tips og triks for å søkje og finne ting i samlinga til Nasjonalbiblioteket. Då spesielt i dei digitaliserte avisene.
- Tips om opne kjelder som ein kan finne frå si eiga stove til bruk i bl.a slektsforsking.
Arrangementet er ein del av BibliotekVEKA 2023. Det er gratis og ope for alle. Det er ikkje nødvendig med påmelding på førehand, men om du veit at du kjem så send gjerne ein e-post til kristin.hatledal@stryn.kommune.no