Margreth OIin – Forfattarmøte og sal av bøker
Torsdag 24. oktober kjem Margreth Olin til Stryn bibliotek for å snakke om den nye boka “Song til mor”. Det er Stryn bokhandel som har invitert ho inn, og dei vil også vere der for å selje bøker.
“Song til mor” er Margreth Olin sin skjønnlitterære debut, og boka har fått strålande omtale overalt. Dette ser vi difor veldig fram til.
“Margreth Olins mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde på handelslaget, det var ein kunst, det òg. Ho var fylt av song og kjærleik.
Etter tretti år som filmskapar vert Margreth overmanna av livet og veit ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiser ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet er filmen “Fedrelandet”, men slutten blir ikkje som ho hadde tenkt.
“Song til mor” er ei øm forteljing om livslang kjærleik – til naturen, til kunsten, til mor og far.” (Omtale frå forlaget)
Margreth Olin kjem frå Stranda, men har mykje av slekta si i Oldedalen.
Gratis inngang og lett servering.
Framside: Song til mor