Møt Solveig Mork Holmøyvik og Gløymeboka
Kva skjer eigentleg med minna våre? Kvifor hugsar vi nokre ting, medan andre blir gløymde? Og er det kanskje like viktig å gløyme som å hugse?
Bli med når forfattar Solveig Mork Holmøyvik besøker biblioteket og fortel om barneboka Gløymeboka. Gjennom ei spennande reise inn i hjernen får vi lære meir om korleis hukommelsen fungerer, kva sansane våre har å seie for det vi hugsar, og kva som skjer når vi gløymer.
Dette er eit ope arrangement for barn og familiar, og passar for alle som er nysgjerrige på kroppen, hjernen og dei mange mysteriane som finst der inne.
Velkomen til ei lærerik og morosam stund på biblioteket!
Solveig Mork Holmøyvik (f. 1986) er forfattar, redaktør og språkvitar. Ho kjem frå Nordfjord og bur i Sogn. Holmøyvik har tidlegare gitt ut sakprosaboka Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet (Res Publica, 2024). Gløymeboka er hennar første barnebok.

Omslag av Tiril Valeur
