Mann med skjegg

Neandertalarane – Europas første urbefolkning. Digitalt foredrag med Erik Tunstad

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Var neandertalarane eigentleg så primitive? I dette foredraget får du møte Europas første urbefolkning på nært hald. Erik Tunstad viser korleis neandertalarane levde, tenkte og utvikla sine eigne kulturar – og kvifor dei likevel forsvant. Kva kan vi lære av eit folk som likna oss meir enn vi eigentleg likar å tru? Og kva har mangelen på hundar med deira undergang å gjere?

Føredragshaldar: Erik Tunstad er biolog, vitenskapsjournalist og forfattar av blant anna Neandertal. Folket som forsvant. Han har lang erfaring frå NRK og forskning.no, og jobbar no med ei stor bok om mennesket sin evolusjon.

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!