Nordmenn i Sør-Amerika – digitalt foredrag med Arnt Stefansen
Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
Kva har ein kyrkjemålar på 1600-talet, ein norsk klubb i Buenos Aires, og brasiliansk olje og bacalao til felles? Gjennom dette spennande foredraget reiser vi gjennom fleire hundre år med nordmenn si historie i Sør-Amerika – frå dei tidlegaste pionerane til moderne forbindelsar. Korleis har norske eventyrarar, handelsfolk og kulturberarar sett preget sitt på Brasil og nabolanda? Og kva kan historiene deira lære oss om kulturutveksling og tilhøyrsle?
Direkte frå Rio de Janeiro delar tidlegare USA-utanrikskorrespondent og forfattar Arnt Stefansen innsikt og fasinerande funn. Med ein imponerande bakgrunn innan internasjonal politikk og kulturforståing, er han kjend for å bringe komplekse historier til live på ein engasjerande måte.