segl og penn på dokument

Om framtidsfullmakt og svindel

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Onsdag 23. april kl. 19 kjem Lillian Helen Kleven Breivik, frå Sparebank 1 SMN, for å halde foredrag om framtidsfullmakt og svindel.

Framtidsfullmakt er ei fullmakt som ein person gir i forkant av ein eventuell situasjon der dei ikkje lenger er i stand til å ta avgjerder sjølv. Denne fullmakta gir ein annan person autoritet til å handle på vegner av vedkommande når det gjeld personlege eller økonomiske forhold i framtida.

Arrangementet er ope for alle og det blir lett servering.