tekstil og natur med strand og beitande dyr

Shetland – eit samfunn vi har mykje til felles med

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Torsdag 9. november får biblioteket besøk av Sommarakademiet som kjem med eit spennande foredrag om Shetland; øygruppa som består av rundt 100 øyer berre nokre timars båtreise frå vestlandskysten. Leiar av Sommarakademiet, Karin Flatøy Svarstad,  og forfattar av boka Oppdag Vesterled, Kristin Prestvold, vil halde kvart sitt vesle foredrag. Først vil Svarstad snakke om «Mitt Shetland» og vise bilete frå Shetland. Ho vil ta med eksempel på handverk og strikk frå Shetland, og seie noko om Shetland som samfunn slik det er i dag. Etterpå vil Kristin Prestvold, som er arkeolog i Trøndelag fylkeskommune med ansvar for kulturminner, vise bilete og ta for seg den historiske delen med vikinghistoria og omtale av fantastiske kulturminner som angår vår historie.

Både Svarstad og Prestvold har heldt foredrag og forelesningar i mange år om øyene i Vest. Dei opplever at det er stor interesse for dette emnet, og allereie er det mange som har meldt interesser for temareiser i Vesterled med Sommarakademiet neste år. Arrangementet vil vare ca. 1 t 20 min.

Prestvold vil ta med seg boka Oppdag Vesterled. Den vil det vere mogeleg å kjøpe og få signert etterpå.

Arrangementet er i samarbeid med Sommerakademiet og Stryn historielag.