Simon Malkenes – Den gode skulen
Korleis få til ein skule som er bra både for elevar og lærarar? Vi har invitert Simon Malkenes – lektor, sakprosaforfattar, og vinnar av Fritt Ords honnør i 2018, til å snakke om korleis det står til i norsk skule.
Malkenes kom i 2021 med boka Salamandertesten. I boka har han eit særleg blikk på barna og læraren si rolle i skulen, og han argumenterar for korleis vi kan ivareta barndommen sin eigenverdi og livsglede i skulekvardagen. I foredraget vil Malkenes snakke om endringar i skulen og korleis dei verkar på dei vaksne og ikkje minst barna. Han vil også komme inn på kva som kan gjerast.
Etterpå blir det panelsamtale med ulike Malkenes og ulike ressurspersonar i og rundt skuleverket i Stryn.
Simon Malkenes er forfattar, PhD-stipendiat og sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet. Han har vore lærar i mange år. Malkenes har skrive fleire bøker om skulepolitikk og fekk i 2018 blant anna Fritt Ords honnørpris for å ha sett fokus på manglande ytringskultur i Oslo-skulen.
Arrangementa er ein del av serien “Norsk skule i krise?” og er støtta av Fritt Ord. Arrangementa er gratis og opne for alle. Vi oppmodar spesielt undervisnings-og helsepersonell til å komme på arrangementa.