Skrivekurs med Wibeke Bruland
Har du eit bokprosjekt? Brenner du inne med ei god forteljing som må ut? Eller kanskje du alltid har drøymt om å skrive, men ikkje våga. Stryn bibliotek arrangerer skrivekurs for vaksne og ungdom den 28. november kl. 18-20.
Kurset egnar seg for alle som ønskjer å formidle noko skjønnlitterært. Det spelar ingen rolle om du har eit heilt bokmanus liggande eller er i startgropa. Vi kjem til å fokusere på praktiske øvingar undervegs og kome med verktøy for korleis skrive godt og levande.
Kurshaldar er bibliotekar Wibeke Bruland. Ho har studert ved forfattarstudiet i Bø og forfattarstudiet i Tromsø. I tillegg har ho jobba fleire år som journalist i NRK.
Kurset kjem til å ta utgangspunkt i deltakarane. Ønsker du gjennomgang på ein tekst, send gjerne ei side eller to på til: Wibeke.Bruland@stryn.kommune.no