Hender i ulike farger som strekker seg opp i lufta

Språkkafe

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Lærer du norsk og har lyst til å snakke norsk med andre? Er du norsk og har lyst til å snakke med folk frå heile verda? Kom på språkkafe!

På språkkafeen får alle mogelegheit til å snakke. Vi serverar kaffe og noko å bite i, og eit tema til å starte samtalen med. Vi lovar glede, latter og gode samtalar og kanskje nye venskap?

Vi byrjar med språkkafe att torsdag 30. januar. Dei neste torsdagane vil bli 27. februar, 27. mars, 24. april og 22. mai. Språkkafeen vil byrja kl. 18.00 og halde på fram til biblioteket stengar kl. 20.00.

Språkkafeen blir arrangert av Flyktningtenesta i Stryn kommune, Norskundervisninga i Stryn kommune og Stryn bibliotek.

Velkomen til alle!