
Tilbakeslaget – kva betyr den reaksjonære bølga for oss. Digitalt foredrag med Caroline Tromp
Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
I dag ser vi ei reaksjonær bølgje som fossar over kulturen og politikken, med ei sterk vekst for ytre høgre i land som USA, Sverige, Frankrike og Tyskland. Internett og sosiale medier har blitt kraftige verktøy for å spreie ekstreme idear, og nye «influensarar» som Andrew Tate påverkar særleg unge menneske. Korleis har dette skjedd, og kva har det å seie for samfunnet vårt?
I dette foredraget guidar Caroline Tromp oss gjennom ytre høgre si utvikling etter 2019, med fokus på korleis nettet har endra måten politiske idear blir spreidde på. Tromp, som er utdanna norrønfilolog og har lang erfaring som journalist og forfattar, gjev oss innsikt i denne bekymringsfulle utviklinga og diskuterar kva vi kan gjere for å møte utfordringane. Tromp har skrive boka Tilbakeslaget (2023), som gjev oss eit djupnedykk i korleis den reaksjonære bølga har vunne terreng.