Tordagskringla med Solveig Mork Holmøyvik
UTSETT DATO TIL 19. SEPTEMBER KL. 19.30, PGA SJUKDOM
Vi ser fram til å ønskje den lokale forfattaren Solveig Mork Holmøyvik velkomen til haustens første Torsdagskringle, 19. september kl. 19.30. Mork Holmøyvik kom i juli med boka Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet. Boka er forfattarens reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho temaet frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk.
Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det?
Kvifor blir vi sinte? Er det framleis slik at vi toler mindre sinne frå kvinner enn frå menn, til og med når sinne er heilt på sin plass? Og korleis har sinte kvinner blitt oppfatta gjennom historia, frå krigande valkyrjer til høglydte feministar i 1970-åra?
Boka ser kritisk på sinne som maktmiddel, men er også ei hyllest til sunt sinne. Ho er skriven i solidaritet med dei kvinnene som ikkje torde å seie ifrå – og med dei som aldri roa seg ned, og som difor har fått noko til å skje.
Solveig Mork Holmøyvik vaks opp i Holmøyvik ved Hornindalsvatnet og bur no i Leikanger. Ho er utdanna språkvitar frå Universitetet i Oslo og har bakgrunn som forlagsredaktør for sakprosa. Dette er hennar første bok.
Teksten er henta frå forlaget sin bokomtale.