Mann i svart dress og rosa skjorte

Torsdagskringla: 200-års jubileet for den norske utvandring i 2025

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

På Torsdagskringla i oktober er vi heldige og får besøk av Rasmus Sunde som skal halde foredrag om utvandringa til Amerika i høve 200-års jubileet for oppstarten.

I foredraget vil han fokusere på korleis det heile starta med den opposjonelle gruppa med kvekarar og haugianarar som drog ut frå Stavanger med skuta Restauration i 1825. Vidare vil han ta for seg den dramatiske overfarten, og dei store vanskane, for dei 53 personane då dei 9. oktober sette føtene i land i New York og frå dei tre veker seinare kom fram til Settlementet Kendall ved Ontariosjøen. Vi får også høyre om organisatoren bak utfarten, Cleng Peerson og kvifor det tok heile 11 år før nye grupper drog med skip frå landet vårt. Ved hjelp av illustrasjonar vil også Sunde vise og forklare kvifor utvandringa gjekk i bølgjer fram til ca. 1930 og var så ulik frå dei ymse distrikta i landet vårt.

Rasmus Sunde er pensjonert førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har doktorgrad på utvandringa til Amerika. I tillegg har han skreve fleire bøker om emnet, blant anna boka: Langt borte, men likevel nær, som handlar om utvandringa frå Stryn.

Kringle og kaffe etter foredraget. Gratis inngang.