Bilde av mann i blå skjorte med sjøen i bakgrunnen

Torsdagskringla med Anders Totland

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

På Torsdagskringla 4. april får vi besøk av forfattar Anders Totland. Vi veit at han er eit fyrverkeri å ha på besøk, så dette gler vi oss veldig til. Totland er ein særs aktiv forfattar som har skrive mange bøker siste åra for barn, ungdom og vaksne. Hos oss kjem han for å snakke om romanen Til jord skal du bli. Boka er ein  rølpethriller frå bygda – om ein pensjonert prest som røktar bier, brenn sin eigen sprit, og i løpet av nokre få førjulsdagar plutseleg blir både bestefar og mordar. Det er eit salig kaos. Med denne boka når Totland ut til eit breitt publikum. Det er rett og slett umogleg å ikkje la seg sjarmera i senk av dei kostelege karakterane Totland har snekra saman i denne boka.

Anders Totland er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 gav han ut sakprosaboka Vindmøllekampen – Historia om eit folkeopprørTil jord skal du bli er hans andre roman for vaksne.

Det blir sjølvsagt kaffe og kringle til foredraget.