Torsdagskringla med Arne & Arne
På Torsdagskringla i oktober blir det minnekveld med Arne & Arne.
Arne Sølvberg som har gjeve ut i alle fall 10 eigne album, og tre saman med spelemannslaget Fjelljom, kjem i haust med albumet som har fått tittelen “Gode minne”. “Gode minne” er både ein dokumentasjon på gamle slåttar som aldri har vore innspelte før, og ein dokumentasjon på korleis dei små, gamle hardingfelene let før hardingfelene tok til å endre seg til større modellar i siste halvdelen av 1800-talet. Dei 35 slåttane er spelte på fire ulike hardingfeler som alle er laga av felemakaren Anders Heldahl (1811 – 1897) som heldt til i Bergen. Sølvberg vil både spele og fortelje litt frå historia bak plateprosjektet.
På Torsdagskringla kjem også Arne P. Sunde. Sunde har i år fullført det lokalhistoriske heftet om «Gildevang – samlingsstad i Grenda i over 100 år». Han vil halde foredraget “Minne frå ei grend”. Med eit utval bilde vil vi få kjennskap til grenda, folket som budde her og korleis dei levde. Grenda er Storesunde krins, frå Knartevik til Lunde. I denne presentasjonen går vi tilbake til tida frå tidleg 1900-tal og fram til våre dagar. Bildepresentasjonen vil også synleggjere korleis grenda har endra seg og utvikla seg i løpet av to – tre generasjonar. Mykje er borte, men nye ting har kome til.
Arne Sølvberg er pensjonert bonde på Fjelli, på eit gardsbruk som neste generasjon driv for fullt med rikeleg sau. Han har utdanning innan idrett og folkedans, men er mest kjend som spelemann på fele, hardingfele og ymse andre folkeinstrument. Han har motteke Statens kunstnerstipend, vunne Landskappleiken to gongar og vunne Spelemannspris.
Arne Sunde er pensjonert lærar, inspektør og rektor, og har jobba 25 år ved skulekontoret i Stryn. Han har vore engasjert i mange lag og organisasjonar i kommunen, og har jobba med Radio Stryn i mange år. Han har eit stort hjarte for lokalhistorie og har bidratt mykje i dette arbeidet. Sunde var også med å etablere Faleide skulemuseum.