Torsdagskringla med Birger Berge
Birger Berge frå Naustdal kjem med ny strikkebok på Samlaget 28. september 2023, og vi er veldig glad for at han vil komme til oss på Torsdagskringla i bibliotekVEKA 2023!
Birger Berge er aktuell med den nye boka Nordisk mønsterstrikk. Birger vil fortelje om vegen fram mot den nye boka og inspirasjonen bak dei nye designa. Han vil også fortelje om si strikkehistorie, lidenskapen for strikkinga og litt om livet som strikkande mann. Gjennom Instagram-kontoen @birgerberge deler Birger interessa og gleda for mønsterstrikk med 65 000 følgjarar. I den nye boka Nordisk mønsterstrikk finn du moderne strikk med tradisjonelt tilsnitt. Boka inneheld ulike strikkemønster med varierande vanskegrad og storleik. Både kufter og gensarar, men òg halsar, sokkar, vottar og småstrikk til baby og hund.
Kom på Stryn bibliotek og høyr Birger Berge formidle sin kjærleik for strikking og erfaring med tradisjonar!
Servering av kaffe og kringle. Gratis inngang.
Arrangementet er ein del av BibliotekVEKA 2023.